MENY

13/12/2019 - 18:30

Dørene åpner: 17:30

Kjøp billett

Jul med Odd Nordstoga og Det Norske Kammerorkester

Jul og Odd Nordstoga er og har vore kjent og kjært for dei fleste, med Jul i Svingen på NRK, Strålande Jul med Sissel og Odd, og julekonsert på NRK1 med Det Norske Kammerorkester vesle juleftan seier sitt. Men han hadde aldri hatt sin eigen julekonsert før. Med eit av verdas beste orkester i ryggen, og ei svært kritikarrost juleplate i bagasjen, ser vi ingen grunn til å ikkje setje opp juleturné for Odd Nordstoga i 2019 òg! Du får høyre Jul i Svingen med han som har laga den, i tillegg til alle dei andre julesongane du tenker på med Odd Nordstoga.

Då Odd Nordstoga spelte inn juleplate og drog på juleturné med Det Norske Kammerorkester i fjor var det fyrste gongen Odd hadde sin egen julekonsert, og den blei møtt med fulle hus og knakande gode meldingar over heile landet.

Dette blir igjen årets julegåve frå Odd Nordstoga og Det Norske Kammerorkester. Vel møtt til høgtidsam og humørfylt julekonsert som osar av god stemning og utsøkt musisering. Det blir garantert god jul!

 

Dørene åpnes kl: 17:30 – Showstart kl: 18:30
Servering: Kiosk, øl/vin
Ledsager henv. Fjellhallen for gratis plassbillett tlf.: 611 38 211